Ein mann i 20-åra er tiltalt etter dødsulukka i Stryn i fjor sommar. Det melder Fjordingen. Politiet meiner mannen ikkje var tilstrekkeleg merksam då han kom over i motsett felt og krasja med ein møtande bil. Han var åleine i bilen.
Føraren av den møtande bilen, ei kvinne, fekk omfattande og alvorlege skader. Passasjeren, ein mann i 50-åra omkom på staden.
Politiet har tiltala mannen i 20-åra for brot på Straffelova § 281, for aktlaust å valda ein annans død. Han er også tiltalt for grov kroppsskade og for brot på vegtrafikklova.
Saka skal opp i Sogn og Fjordane tingrett i november.