No skal styresmaktene opna mobilnettet att i Bangladesh, melder dei.
Innbyggarane i Bangladesh har vore utan internett i fleire dagar, som følge av studentprotestane som har gått føre seg i landet.
Studentane protesterer mellom anna mot at 30 prosent av alle offentlege stillingar er reserverte til familiemedlemmane til dei som kjempa i sjølvstendekrigen mot Pakistan i 1971.