Storebrand har problem med kort i appar, som Vipps og Norsk Tipping, skriv Storebrand Bank på sine nettsider.
– Enkelte av kundane våre opplever problem med å betala med kort i appar som for eksempel Vipps og Norsk Tipping, seier Stig-Øyvind Blystad, kommunikasjonsdirektør i Storebrand til NRK.
Han opplyser om at betaling via Vipps mellom privatpersonar, vanleg netthandel og fysisk kortbruk fungerer som normalt.
Årsaka er ein feil i systemet hos ein av Storebrand sine underleverandørar, og rammar ei avgrensa mengde kundar, opplyser Blystad.
– Me jobbar på spreng for å finna ut av korleis me løyser denne feilen, seier han.