Det er sendt ut raudt farevarsel for tyfon i Kina. Det melder Kinas meteorologiske senter (NMC).
Onsdag sende NMC ut oransje farevarsel for tyfonen Gaemi. No er det heva til raudt farevarsel, melder nyheitsbyrået Reuters.
Det er venta sterk vind og mykje regn sør i landet.
Tyfonen er den tredje så langt i år. Det er venta at den beveger seg over Taiwan og mot Kina frå onsdag til torsdag.