Sverige styrer mot å bryte klimamåla dei har forplikta seg til gjennom EU si klimalov.
Det viser den svenske regjeringa sin eigen plan for energi og klima.
Planen viser at regjeringa i nabolandet vårt planlegg mot for store utslepp og for lite utbygging av forbybar kraft.
Energiminister Ebba Busch stadfestar situasjonen til SVT.
Klimaforskar Mikael Karlsson ved universitetet i Uppsala seier til kanalen at planen bør vekke uro.