Regjeringa ønsker å slå saman Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta (Ukom) og Helsetilsynet. Det opplyser dei om i ei pressemelding torsdag.
– Vi treng ei ny meldeordning for alvorlege hendingar i helse- og omsorgstenesta. Ved å samle ressursane til tilsyn og læring, meiner eg vi vil bli betre til å lære av feil og dermed kan førebyggje alvorlege hendingar betre, seier helse- og omsorgsmininister Jan Christian Vestre (bilete).
Regjeringa går ikkje i detalj om når eller korleis samanslåinga skal skje, men opplyser om at arbeidsplassane i Stavanger vil bli verande.
Helsetilsynet skal også få ansvar for ei undersøkingsordning av saker om vald, overgrep og grov omsorgssvikt mot barn.