Hovudredningssentralen Sør-Noreg melder på X at dei har fått melding om eit høgt urytmisk lydsignal frå eit mogleg trykklufthorn rundt Mangersfjorden i Alver Kommune.
Dei undersøker no området med brannbåt og redningshelikopter.
– Per no er det ikkje nokon naudstilte, skriv dei vidare.
Like før kl.8 seier dei at dei har ikkje har gjort noko funn i søket og har avslutta aksjonen.