To av dei sikta tenåringane etter knivstikkinga i Gaupne vi bli avhøyrde søndag, opplyser jourhavande jurist Ingeborg Drægebø.
– Vi jobbar med å få mest mogeleg informasjon, men det er for tidleg å komme med fleire detaljar i dag, seier ho søndag morgon.
I eit skogholt i Gaupne i Luster blei ein mann i 50-åra fredag ettermiddag angripen av fleire maskerte tenåringar.
Fem gutar er sikta for grov kroppsskade eller medverknad til det. To av dei blei avhøyrde laurdag.