Lærøy Seafood trekk tilbake Prima torskefilet frå butikkane. Årsaka er funn av e.coli i produktet, melder selskapet sjølv i ei pressemelding.
«Dersom produktet ikkje blir varmebehandla tilstrekkeleg, kan det utgjera ein helseskade for forbukar», skriv dei.
Tilbakemeldinga gjeld for produkt med best før-dato 03.02.2025.
Produktet er solgt i alle REMA 1000-butikkar over heile landet, ifølge selskapet.