Hovudindeksen på Oslo Børs, som huser fleire av dei største selskapa i Noreg, klatra til 1 328,15 poeng ved påskestengetid klokka 13 onsdag.
Det er ny rekord, og betyr at det går godt for selskapa på børsen, som Equinor, DNB, Frontline og Telenor. I januar 1996 starta Hovudindeksen på 100 poeng, og har stige jamt og trutt sidan – med ein dupp under finanskrisa i 2008 og i koronaåret 2020.
– Ein børs skal alltid sette rekordar, fordi selskapa tener pengar og veks i verdi, forklarer investeringsdirektør Robert Næss i Nordea.
Han er eigentleg mest forbausa over at Oslo Børs ikkje har stige meir så langt i år.
– Så langt har den stige 1,65 prosent. Det er ikkje noko å sprette sjampanjen for, seier Næss.
Han viser blant anna til at Verdsindeksen, som huser kring 1 400 av verdas største selskap, har stige 15 prosent i norske kroner, til samanlikning.
– Oljeprisen er jo opp i år, men oljeaksjane på Oslo Børs har vore svake. Dei er ned rundt 5 prosent så langt i år. Det er litt underleg, men ein viktig grunn er at gassprisen er ned, forklarer Næss.
Olje- og gassprisen er viktig for utviklinga på Oslo Børs, då fleire av dei største selskapa som er noterte der, driv med den typen verksemd.