Hovudredningssentralen og politiet har måndag sett i gang ein redningsaksjon på Foldnes i Øygarden etter ein sakna mann i 70-åra som oppheldt seg på ei hytte. Han var på hyttetur saman med ei kvinne, og det vart oppdaga at han var borte rundt klokka 06.30. Politiet er i området med politipatruljar, inkludert hundepatruljar, brannmannskap med drone og dykkarar, redningsskøyte og frivillige mannskap. – Det er usikkert kvifor dette har skjedd. No er vi ute med dykkarar, båt, Røde Kors og dronar for å lokalisere han, seier innsatsleiar Frode Selven.