Stor politiaksjon i Bergen sentrum
Fleire politibilar har rykka ut til området rundt Den Nationale Scene i Bergen sentrum.
– Vi er på staden saman med dei andre nødetatane etter melding om gasslukt frå eit hotellrom, melder operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i Vest politidistrikt.
Politiet har kontroll på staden, ifølge operasjonsleiaren.
Bergens Tidende melde tidlegare at politiet hadde utrusta seg med skjold.