Sunnmøre: Mann tiltalt for å ha å forgripe seg på fleire barn
I dag startar ei rettssak i Sunnmøre tingrett mot ein mann i 40-åra som er tiltalt for ei rekkje seksuelle overgrep mot barn under 16 år.
Det mest alvorlege tiltalepunktet gjeld fleire fysiske valdtekter mot eit barn under 14 år. Det er til saman seks fornærma i saka, frå ulike stader i landet.
Statsadvokaten har tidlegare sagt at det kan bli aktuelt å be om at mannen blir dømd til forvaring. Han er fleire gonger tidlegare dømd for liknande forhold.