Sikta for overgrep på togstasjon
Den unge mannen som onsdag kveld vart pågripen og sikta for overgrep mot to mindreårige jenter, blir laustlaten etter avhøyr. Han får også besøksforbod mot dei fornærma jentene.
Ei av jentene er under 14 år, medan den andre er under 16 år. Overgrepet mot den yngste jenta blir rekna som valdtekt.
Overgrepa skal ha skjedd inne på eit toalett på Arna stasjon denne veka. Den sikta har ikkje erkjent straffskuld.
– Vi meiner det er skjellig grunn til mistanke, men vi ser ikkje fare for unndragelse, gjentaking eller at bevis kan bli øydelagde, seier politiadvokat Are Nygård Bergh.
Utover at det er ei form for kjennskap mellom mannen og jentene, ynskjer ikkje politiadvokaten å kommentere relasjonen nærare. Han vil heller ikkje kommentere korleis politiet vart kjende med saka.
Politiet har gjort ein god del etterforsking i saka.
– Vi har innhenta videoovervaking, teke beslag i digitale einingar som vi no går gjennom og avhøyrt vitne, fornærma og sikta, seier han.