Krev at nullutsleppskrava blir strengt handheva
Verdsarvrådet presiserer i eit brev til Sjøfartsdirektoratet at regelverket for nullutsleppskrava for verdsarvfjordane må bli strengt handheva og etter intensjonane om reine verdsarvfjordar.
Frå nyttår gjeld krav om nullutslepp for passasjerskip under 10.000 bruttotonn.
Rådet rosar reiarlag som har investert i nullutsleppsteknologi og ladeinfrastruktur, og meiner det blir urettvist om det blir opna for ordninær fossil drift gjennom vide eller langvarige dispensasjonar.
Reglane må gjelde likt for alle og dispensasjon må vere unnataka og ikkje regelen, meiner Verdsarvrådet.
Også bruken av verna fartøy med historisk tilknyting til verdsarvområdet må vere svært avgrensa.
Landstraum skal etter planen vere tilgjengeleg i Geiranger frå i sommar.