Frå kunstlivet i New York til ein nedlagd skule i Todalen: Familien Sand flyttar ei omfattande kunstsamling til Nordmøre. For éi krone har dei kjøpt den gamle skulen, som no blir gjort om til galleri – med mål om opning same dag som tvillingane Aune Sand og Vebjørn Sand fyller 60 år. Tida er knapp, ambisjonane store – og reisa frå verdsmetropol til bygde-Noreg er alt anna enn kvardagsleg.