Superstjerna smadra rekorden - gull på 1000 meteren
Det var proppfullt i skøytehallen då 1000 meterfinalen for kvinner gjekk av stabelen i Milano måndag kveld. Blant dei største favorittane var medieprofilen Jutta Leerdam i siste heat.
Men før det var det verdscupleiar Femke Kok.
– Det går styggfort, det er fenomenalt, kjem det frå Hans Solbakken.
Kok satte standarden med 1.12.59 og ny olympiske rekord.
– Det er eit skremmeskot til Leerdam, seier skøyteekspert Even Vetten.
I siste heat var det Jutta Leerdam mot regjerande olympisk meister Miho Takagi.1.12.31 på Jutta Leerdam, gull og ny olympisk rekord.
– Ho straffar Femke Kok, seier Vetten.
Blant publikum satt kjærasten og internettstjerna Jake Paul.