Razzia mot Deutsche Bank – blir etterforska etter mistanke om kvitvasking
Påtalemakta i Tyskland gjennomfører onsdag etterforsking i lokala til Deutsche Bank, etter mistanke om kvitvasking av pengar, melder AFP som siterer tyske medium.
Ein talsperson for banken stadfestar at statsadvokaten i Frankfurt gjennomfører tiltak ved fleire av banken sine kontor.
– Vi kan stadfeste at påtalemakta i Frankfurt gjennomfører tiltak i Deutsche Bank sine lokale. Vi samarbeider fullt ut med styresmaktene, seier talspersonen.
Styresmaktene har ikkje opplyst kva etterforskinga gjeld konkret, eller om nokon er mistenkte i saka.