Mann drepen av ICE i Minneapolis
Politisjef i Minneapolis, Brian O’Hara, opplyser til Minnesota Star Tribune at ein mann er skoten og drepen etter ein ny skyteepisode under en føderal immigrasjonsoperasjon (ICE) i byen.
Vitne meldte om det fyrst laurdag morgon, ifølge lokale medium.
Personen som blei skoten, var væpna med eit skytevåpen, ifølge to tenestemenn i det amerikanske innanriksdepartementet (DHS) som har uttalt seg til CBS News.
– Minnesota har fått nok. Dette er sjokkerande, skriv guvernøren Tim Walz.
Han seier han har vore i kontakt med presidenten, og krev Trump avsluttar operasjonen og tar ut «dei tusenvis av brutale, uerfarne offiserane» frå delstaten no.