Melding om knivtruslar i Bergen
Politiet rykka i 22.30-tida ut med fleire patruljer etter melding om at nokon sprang etter andre med kniv i Bergen sentrum.
Situasjonen framstod som uklar, skriv Vest politidistrikt.
Politiet er på staden og har kontroll på to involverte eller fornærma.
Ingen er skadde. Det skal vere snakk om at ein person har vist fram ein kniv og deretter sprunge frå staden.