Evakuerer bebuarar etter røykutvikling på sjukeheim
Måndag rykte politiet ut til melding om røykutvikling på eit toalett på ein sjukeheim i Nordheimsund i Kvam herad.Åtte beburarar måtte evakuera til eit anna bygg på grunn av røyk og lukt.
Det var ein plaststol som hadde brunne på toalettet. Ein mann er mistenkt.
– Han har røyka på toalettet toalettet og lagt frå seg ein sneip som medførte at ein stol av plast tok fyr, skriv operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i politiloggen.
Først vart det meldt at det ikkje var behov for evakuering, men seinare melde politiet at brannvesenet likevel ville evakuera nokon bebuarar.
Dei vart flytta til eit anna bygg og får truleg flytta tilbake om nokon timar.Ein person fekk tilsyn av helsepersonell etter å ha pusta inn røyk.
Brannen er sløkt og det pågår utlufting på staden.