Minst 15 omkomne i ei bussulukke i Guatemala
Ei bussulukke i Guatemala har tatt minst 15 menneskeliv. I tillegg er minst 19 personar skadde, melder Reuters.
Av dei omkomne er det 11 menn, tre kvinner og eitt barn. Dei skadde er frakta til sjukehus i nærleiken frå ulukkesstaden.
Ulukka fann stad på ein motorveg vest i Guatemala.