Full overtenning i brakkerigg
Naudetatane rykka ut til Ullandhaug i Stavanger etter at dei like etter klokka 7 laurdag morgon fekk melding om brann i ein brakkerigg som ligg like ved ein trafostasjon.
Det var mykje røyk i området.
Brakkene blir brukte til pauserom og garderobe, men det var ingen tilsette på jobb då det byrja å brenne.
Klokka 8.43 opplyste politiet at brannvesenet byrja å få god kontroll.
Kommunikasjonssjef i Lnett, Ragnhild Ween, seier dei har to montørar på staden som følger situasjonen.
Dei bygger ein ny transformatorstasjon i området og brakkene er sett opp i forbindelse med bygginga.
Frå før av står det ein stasjon der som er i bruk i dag.
– Vår bekymring er dagens anlegg når du har ein brann så tett. Men så langt er det ikkje fare for straumforsyninga, seier Ween.