Politiet jaktar etter mann etter taxisjåfør blei slått i ansiktet
Ein drosjesjåfør i 50-åra skal ha blitt slått i ansiktet på Laksevåg.
Drosjen var på staden for å hente passasjerar. Då skal ein mann ha kome bort til taxien og slått drosjesjåføren i ansiktet.
Den mistenkte skal òg ha knust eit vindauge på drosjen og kasta stein på bilen. Han forsvann deretter frå staden.
Drosjesjåføren er ikkje alvorleg skadd, men har smerter i ansiktet. Sjåføren skal ikkje ha hatt kjennskap til den mistenkte mannen frå tidlegare.
Politiet leitar etter den ukjente gjerningspersonen.