Ferjetrafikken mellom Mortavika og Arsvågen på E39 har gått som normalt sidan midnatt. Måndag kveld avgjorde politiet at ferjene ikkje skulle ta med seg fleire bilar nordover fordi fleire køyretøy hadde køyrd seg fast på E39 nord for ferjeleiet.
– Det er ikkje ofte vi opplever slike tilstandar, seier Kristian Strømmen hos Vegtrafikksentralen.
Rundt midnatt var vegen rydda slik at ferjetrafikken kunne gå som normalt igjen.
Tysdag morgon er situasjonen igjen meir normal.
– Det verkar som vêret har roa seg. Entreprenørane har ikkje meldt om problem inn til oss, seier Strømmen ved 05.30-tida.