Bygda Bjørke i Volda kommune blei isolert seint fredag ettermiddag etter at fylkesvegen inn dit blei stengd. Grunnen er stor fare for snøskred.
Volda kommune opplyser på sine heimesider at folk må ta kontakt dersom dei treng hjelp. Kommunen melder at dei kan arrangere båtskyss ved situasjonar knytt til liv og helse.
I tillegg er den kommunale vegen gjennom Standaldalen i Ørsta stengd på grunn av eit snøskred ved Storebrua, ifølgje Vegvesenet. Frå før av er den nordre vegen opp til Festøya stengd på grunn av vêret, og dermed er begge dei to vegane inn til bygda Store-Standal stengde.
Ørsta kommune skriv at det er fare for nye skred i området, og vegen vil vere stengd til dei får gjort ei ny vurdering. Det går ferje på Hjørundfjorden. Kommunen oppmodar hyttefolk i området til å halde seg i ro.
Vegen inn til Eikesdalen i Molde er framleis stengd etter eit snøskred torsdag. Dermed er også dei som bur der utan vegforbindelse.
I tillegg er ein rekke mindre vegar stengde i Møre og Romsdal på grunn av snøskred og snøskredfare.