Heimetenesta i Bergen og omegnskommunar melder om forsinkelsar, og at nokon besøk kan bli utsette eller avlyste. Grunnen er mykje snø, som fører til at det er vanskeleg å koma fram i trafikken.
I Bergen vurderer heimetenestesta oppdraga fortløpande, og jobbar med å få tak i bilar med firehjulstrekk, skriv kommunen i ei pressemelding.
I Øygarden ber beredskapssjef Geir Knarvik Fjeldstad folk hjelpe til med å måke snø. Ordførar Tom Georg Indrevik seier han er trygg på at heimetenesta gjer grundige vurderingar.
– Det er også fint om pårørande er ekstra merksam på situasjonen for dei som treng hjelp, seier Indrevik i ei pressemelding.
Også Askøy kommune ber folk hjelpe til med å måke hjå kvarandre for å gjere det lettare å komme fram for dei tilsette.
– Er det heilt umogleg for oss å komme oss fram til husa, ver raus og la oss få stå parkert litt knotate til ein liten stund, skriv kommunen på si nettside.