Halifax flyplass var midlertidig stengt laurdag kveld etter at delar av eit Air Canada-fly begynte å brenne då det landa. Det melder CBC.
Flyet, som var på veg frå St. John, fekk problem under landinga og skleid over rullebanen og begynte å brenne.
Passasjerar fortel at dei såg flammar og at røyk kom inn gjennom vindauga. Alle passasjerane blei evakuerte. Det er ikkje meldt om skadde.