Naudetatane rykte ut til ein fleirmannsbustad i Solheimsviken i Bergen klokka 16.34. Det blei meldt om mykje røyk i ei leilegheit.
Fleire bebuarar blei evakuerte og brannvesenet sende inn røykdykkarar.
Det har ikkje vore brann, og røyken stammar kanskje frå matlaging, ifølgje ei oppdatering frå politiet.
Ingen personar er skadde, og dei evakuerte kan dra tilbake til leilegheitene sine.