Statsadvokaten i Israel har beordra politiet til å starte etterforsking av kona til statsminister Benjamin Netanyahu. Det melder israelske medium som The Times of Israel og Haaretz.
Sara Netanyahu er mistenkt for å ha trakassert vitnet og hindra rettsprosessen ved å forsøke å påverke vitnemålet hennar.
Vitnet er Hadas Klein, som tidlegare var sekretær for den israelske Hollywood-produsenten Arnon Milchan.
Klein er eit nøkkelvitne i «sak 1000», som handlar om at Benjamin Netanyahu skal ha motteke luksusgåver som sigarar, champagne og smykke til ein verdi av hundretusenvis av dollar frå mellom anna Milchan.