Ein 18 år gammal gut er varetektsfengsla i to veker i Hordaland tingrett, sikta for fridomskrenking og truslar på julaftan.
Det opplyser politiadvokat Elisabeth Bru i Vest politidistrikt til NRK.
Påtalemakta hadde bede om fire veker i varetekt for den sikta, men retten vil no fengsla han i to veker.
Hordaland tingrett har lagt ned forbod mot å opplysa innhaldet i avgjerda.18-åringen sin forsvarar, advokat Jørgen Riple, opplyser til NRK at den sikta ikkje erkjenner straffskuld.
– Me har ikkje teke stilling til om me vil anka fengslinga. Utover det har eg ingen kommentar, seier Riple.