Den israelske president Isaac Herzog oppmoda onsdag israelske leiarar til å bruke all si «makt og middel» for å sikre ein avtale om frigjeving av gislane som framleis blir haldne i Gaza.
– Eg oppmodar våre leiarar til å handle med all si makt og med alle middel vi har til rådvelde for å få til ein avtale, sa Herzog, i ei fråsegn, ifølgje AFP.
Den israelske presidenten har hovudsakleg ei symbolsk rolle, det er statsministeren som sit med den reelle makta.