Gjølanger Settefisk AS i Fjaler får 20 millionar kroner i gebyr frå Norges vassdrags- og energidirektorat. Årsaka er ulovleg uttak av vatn.
– Gjølanger Settefisk har over ein lengre periode teke ut vatn ulovleg frå Gjølangervassdraget og Tyssedalsvatnet, seier Kristian Markegård, direktør for tilsyn- og beredskapsavdelinga i NVE.
Handlinga er brot på konsesjonsplikta etter vassressurslova, og i strid med føresetnadane som vart gjeve då settefiskanlegget fekk konsesjonsfritak i 2021.
– Gjølanger Settefisk har hatt ein betydeleg økonomisk vinst ved å ha senka vasstanden i Tyssedalsvatnet. Vassuttaket har gjeve dei moglegheit for å ha meir fisk i anlegget, seier Markegård.
Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå Gjølanger Settefisk.