Mannskap er på veg for å rydde opp i jordskred på riksveg 13 over Vikafjellet. Vegen er stengt på grunn av jordskred, melder Vegtrafikksentralen i Vest.
– Naudetatane jobbar på staden for å sjå om det er folk i raset. Det er ein pågåande aksjon, seier Ronny Sleire trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen i Vest.
Vest politidistrikt har per klokkka 20.30 fått inn melding seks ulike skred over veg.
– Politiet frårår folk frå å køyre ut eller ferdast i rasutsette område, seier Tatjana Knappen ved Vest politidistrikt.