Fredag 29. november var det brann i eit rekkehus i Sola. Nå ber politiet publikum om å melde inn observasjonar eller videoovervaking.
To menn er sikta og varetektsfengsla i samband med brannen.
– I samband med dette ønsker vi opplysningar om observasjonar av to personar og/eller bilar som har bevega seg i området Sola sentrum eller ved Kjelsbergsvingen, seier politifullmektig Kjersti Hertaas.
Tidsrommet politiet er ute etter, er fredag 29. november mellom klokka 20.45 og 21.15.
Vitne kan ta kontakt med politiet på 02800.