I budsjettsemja for 2025 har SV fått gjennomslag for fleire tiltak for å følge opp einslege mindreårige asylsøkarar.
Totalt 13 millionar kroner går til å følge opp asylbarn som kjem med og blir busett med såkalla følgeperson. Utlendingsdirektoratet skal få fire årsverk for å kartlegge omsorgssituasjonen til desse asylbarna. I tillegg skal den barnefaglege kompetansen i ordinære mottak styrkast.
Vidare går 16,7 millionar kroner til å styrke den øyremerka ordninga med auka barnefagleg kompetanse i mottak for einslege mindreårige asylsøkarar. I tillegg kjem 10 millionar kroner til aktivitetstilbod for barn på mottak.
15 millionar kroner går til tilsyna Statsforvaltaren gjer med mottak for asylbarn og -ungdommar.
Frå før har regjeringa i sitt forslag til statsbudsjett varsla at det i 2025 skal skje ein gjennomgang av levekår for einslege mindreårige asylsøkarar i asylmottak.