Denne hausten har vore den varmaste i Kina sidan målingane starta i 1961, opplyser det nasjonale klimasenteret, melder NTB.
I perioden frå 1. september til 30. november låg temperaturen i snitt på 11,8 grader, som er 1,5 grader høgare enn i eit gjennomsnittsår.
Varmerekordane kjem oftare enn tidlegare på grunn av global oppvarming.