Den iranske menneskerettsaktivisten er Narges Mohammadi er sett fri av medisinske årsaker, melder AFP, som viser til utsegner frå ein advokat.
Frigjevinga gjeld for tre veker, skriv nyheitsbyrået.
Ho fekk Nobels fredspris i 2023 for arbeidet sitt mot kvinneundertrykking og kampen for menneskerettar i Iran.
Ho har sete fengsla i Iran sidan 2021. Det var difor barna hennar, Ali og Kiana Rahmani, som tok i mot fredsprisen på vegner av mora i Oslo rådhus i fjor.