LO-leiar Peggy Hessen Følsvik seier til NRK at Jonas Gahr Støre har hennar og LO si støtte som leiar for Arbeidarpartiet og statsminister.
– Det er klart at Arbeidarpartier er i ein krevjande situasjon som me som parti har eit felles ansvar å løysa, men me er opptatt av at det er partidemokratiet som skal rå. Jonas har min og Los støtte som partileiar og statsminister, seier ho.
Det var Dagbladet som meldte om LOs støtte til statsministeren først.
Hessen Følsvik understrekar at det er partidemokratiet i Arbeidarpartiet som vel leiar, og at det frå LOs side ikkje er eit tema no.