65,1 prosent av fedrar tok ut heile fedrekvoten eller meir i 2023, viser nye tal frå SSB.
Det er ei auke på sju prosentpoeng dei siste ti åra.
Fedrekvoten er den delen av foreldrepermisjonen som er øremerka far, eller medmor. Kvoten har sidan 2018 vore på 15 veker.
Agder fylke er det fylket der minst fedrar tar ut heile kvoten, medan Vestland er fylket der flest gjer det.