Ein person blei skadd i ei arbeidsulukke på Helleland i Eigersund måndag morgon.
Ifølge meldinga til politiet skal vedkommande ha sklidd ned ein skråning ned mot E39.
Personen er tilsett i Risa AS. Informasjonen selskapet har fått, tyder på at det ikkje er snakk om fall i ein skråning.
– Personen har sklidd på mose, falle og slått ryggen. Han blei kraftig forslått, seier Marianne Gudmundson, leiar for strategi, berekraft og kommunikasjon i Risa AS.
Ein ambulanse kom til staden først, og personen er brakt til Stavanger universitetssjukehus (SUS).
Risa har fått beskjed om at vedkommande var medviten i ambulansen.
Det var trafikale utfordringar og manuell dirigering av trafikken forbi staden det skjedde. Klokka 10.18 meldte politiet at vegen er opna.