Romenske styresmakter har talt nærare ni og ein halv million stemmer i presidentvalet på nytt. Resultatet viser liten forskjell, melder Reuters. Ein høgare domstol i landet ba om ny opptelling av stemmene etter første runde av valet 24. november.
Domstolen skulle vurdera eventuell russisk påverknad på valet etter at den prorussiske kandidaten Calin Georgescu vant.