Japanske styresmakter har, etter to dagar, lukkast med å lokka ein bjørn ut av ein matbutikk.
Tidleg laurdag morgon fekk politiet i Akita-regionen ein naudtelefon om at ein bjørn hadde skada ein 47 år gammal mann. Butikken vart evakuert og bjørnen fekk herja fritt fram til måndag. Då vandra bamsefar inn i ei honningfelle, med kornblanding, bananar eple, brød og honning.
Bjørnen skal avlivast seinare på dagen. Den skadde mannen fekk ei fleng i hovudet.
(NTB/NRK)