Det vart fredag starta leiteaksjon etter at politiet fekk ei bekymringsmelding om ei kvinne som var sakna frå området Nesttun i Bergen.
– Kvinna var sist sett 08.25. Pårørande er bekymra. Med bakgrunn i desse opplysningane er det starta redningsaksjon, sa operasjonsleiar Helge Blindheim i Vest politidistrikt.
Politiet fekk meldinga klokka 11.20, og skreiv klokka 16.30 at det er starta søk etter kvinna i området.
Rett før klokka 18.00 vart kvinna funnen død. Pårørande er varsla.
Frivillige blei kalla ut til søket og det blei også søkt med redningshelikopter.
– Norsk Folkehjelp er kalla ut, Røde Kors, og Norske Redningshunder, sa Blindheim.
Det var også ein del uniformert politi i området.
– Me leitar på Smøråsfjellet, Nattlandsfjellet, Livarden, og rundt Nordåsvatnet er aktuelt, sa Blindheim.