Den israelske hæren (IDF) forbyr libanesarar å reise til ei rekke landsbyar i Libanon.
IDFs talsperson Avichay Adraee skriv på X at ingen får reise heim til over 60 landsbyar sør i landet.
– Dei som beveger seg sør for denne linja, set seg sjølv i fare, skriv han.
Onsdag gjekk Hizbollah og Israel med på våpenkvile som innebar at ingen av partane skulle opphalde seg sør for Litani-elva i Libanon, der tusenvis av libanesarar har blitt fordrivne frå heimane sine.
Torsdag skulda Israel Hizbollah for å bevege seg sør for elva, og Libanon skulda Israel for brot på våpenkvila då dei skaut inn i Libanon frå israelsk side av grensa.