Det israelske forsvaret (IDF) hevdar våpenkvila med Hizbollah er broten, melder Reuters.
Dei seier at dei oppdaga mistenkeleg aktivitet i fleire område i det sørlege Libanon, og at dei kallar dette eit brot på våpenkvila som starta onsdag.
Statlege medium i Libanon og kjelder i dei libanesiske tryggingsstyrkane seier det var israelske stridsvogner som fyrte av skot i fleire område i Sør-Libanon, melder nyheitsbyrået.
Det libanesiske parlamentsmedlemmen Hassan Fadlallah, som representerer Hizbollah, hevdar dei israelske styrkane skyt mot sivile som vender tilbake til landsbyane sine.
Israel har så langt ikkje kommentert skuldingane.