Forhandlingane om ein ny IA-avtale held fram onsdag neste veke, stadfestar arbeidsminister Tonje Brenna (Ap).
– Alle har eit ønskje om å bli samde, seier Brenna til NRK.
– Men så har livet lært meg å ikkje berekne sannsynlegheit når det kjemt il forhandlingar.
Utsetjinga skjer etter at LO og NHO, saman med dei andre sentrale partane i arbeidslivet, har hatt krisemøte i to dagar på Brenna sitt kontor.
IA står for inkluderande arbeidsliv, og IA-avtalen har som mål å få ned sjukefråværet og redusere fråfall frå arbeidslivet. Dagens avtale,som kom i stand i 2018 og vart forlenga under pandemien, går ut ved nyttår.
I 23 år har partane blitt samde om ein avtale, med skiftande regjeringar. Men i haust har forhandlingane vore svært tøffe.
Eit aukande sjukefråvær gjennom sommaren og hausten har utløyst ein heftig diskusjon om det er naudsynt å gjere noko med sjukelønnsordninga.
LO har vore fast bestemte på at sjukelønnsordninga skal fredast i fire nye år. Det vil ikkje NHO gå med på. Dei ønskjer ei freding på 18 månader, mot at alle deler ved sjukelønnsordninga vert greia ut.
Sjukelønnsordninga sikrar at folk får lønn når dei er sjuke og vekke frå jobb.