Bergen og Hordaland Turlag får overta ei hytte på Bjørnastølen ovanfor Bontveit, skriv BT.
Dette blir dermed den første hytta til Den norske turistforening innanfor kommunegrensa til Bergen.
Kommunen eig hytta og lar turlaget leiga ho i 40 år for 1000 kroner i året, mot å pussa opp hytta.
Ho ligg ein kort tur opp frå bilveg, og nær ei rekke turmål, som Livarden, Sletteggi, Gullfjellshytten, Austefjellet, Hausdalshorgi, Gullfjellet, Toro og «Sørpolen» (Søre Gullfjellstoppen), samt Dyrdalsvatnet som er eigna for bading og skøyter.
1,6 millionar kroner til oppussinga skal samlast inn lokalt. Den ubetente hytta får 6-10 senger. Planen er at ho skal kunne leigast frå neste haust.