Forhandlingane om ein ny IA-avtale går trått.
Partane skal møtest på nytt måndag, men det kan gå mot brot, seier LOs nestleiar Steinar Krogstad til NRK.
– Dersom vi ikkje får ein bevegelse, blir vi ikkje einige, dessverre. No har vi sete og sett på kvarandre lenge, så det er ei grense for kor lenge vi kan gjere det.
NHO har sagt seg villige til å frede sjukelønsordninga i 18 månader mot at sjukefråværet blir kartlagt. Dei ønsker også at Riksmeklaren skal komme på banen.
Direktør for arbeidsliv og tariff i NHO, Nina Melsom, etterlyser meir forhandlingsvilje hos LO.
– Vi synest det er rart at LO ikkje er meir villige til å sjå på kompromiss, men heller stå steilt. Skal vi finne felles løysingar, må begge partar vere villige til å bevege på seg.