Tusenvis av sjiamuslimar demonstrerte i fleire byar i Pakistan etter at 43 personar blei drepne torsdag, melder AFP.
Væpna menn gjekk til angrep på to kolonnar med sjiamuslimar som reiste med politieskortar i Kuram-distriktet nær grensa til Afghanistan.
I tillegg til dei drepne blei 16 personar såra i angrepa torsdag. Elleve av desse skal vere kritisk skadde.